Hopp til innhald

I

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I

Bruk
SkriftsystemLatinsk skrift
TypeAlfabet
OpphavsspråkLatin
Fonetisk bruk[i]
[]
[ɨ]
[j]
[ɪ]
[ɯ]
//
UnicodeU+0049, U+0069
Plass i alfabetet
Talverdi: 9
Historie
Utvikling
D36
Tidsperiode~-700 til no
Etterkomarar  Î
  J
  Ɉ
  İ ı
  Tittle
 
 
 
 
SlektningarІ
י
ی

𐎊





Anna
Vanleg tilknytte bokstavari(x), ij, i(x)(y)
Tilknytte tal9
SkriveretningVenstre til høgre

I (i) er den niande bokstaven i det latinske og det greske alfabetet (I ι),[1] og den 11. bokstaven i det ukrainske alfabetet.

Egyptisk hieroglyf ꜥ Fønikisk
jod
Vestgresk
iota
Etruskisk
I
Latin
I
Egyptian Hieroglyph describing an arm Latin I

I fønikisk skrift kan bokstaven ha opphav i ein egyptisk hieroglyf av ein arm som stod for lyden /ʕ/, ein stemd faryngal frikativ. På semittiske språk heiter bokstaven jod og står for lyden /j/, ein halvvokal (konsonantisk i).[1] Det semittiske ordet for arm byrjar med denne lyden.

Då bokstaven blei del av det greske alfabetet blei han kalla iota og nytta for vokalen i.[1] På latin blei bokstaven nytta både som i- og j-lyd.[1] I dei siste tiåra fvt. og seinare nytta ein ein lang i-lyd eller ij-lyd ved å gjere streken i bokstaven ekstra lang.[1] Frå 1100-talet vart det vanleg å sette ein tynn strek over bokstaven, og frå 1300-talet sette ein i staden ein prikk over for å skilje han ut.[1]

Den moderne bokstaven j byrja som ein variant av i. Begge blei nytta for både vokalen og konsonanten over lang tid, og blei fyrst klart skilde på 1500-talet.[2]

I runealfabetet er bokstaven den tredje runa i andre ætt.[1]

Uttale av i etter språk
Ortografi Fonem
Standardkinesisk (pinyin) /i/
Engelsk /ɪ/, /aɪ/, /ə/, /ɜː/, /aɪə/, /j/
Esperanto /i/
Fransk /i/, /j/
Færøysk [ʊi][1]
Italiensk /i/, //, /j/
Kurmanji (hawar) /ɪ/
Portugisisk /i/, /j/
Spansk /i/, /ʝ/
Tyrkisk /ɯ/ for i utan prikk I, ı
/i/ for i med prikk İ, i
Tysk /ɪ/, //, /i/

Bokstaven i uttrykker ord på både norsk og engelsk: På norsk er «i» ein preposisjon, medan på engelsk er «I» det personlege pronomenet for første person, eintal, i subjektsform.

I kan stå for

[endre | endre wikiteksten]

i er det matematiske symbolet for √–1.

  1. 1 2 3 4 5 6 7 8 «I_-_bokstav» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Calvert, J. B. (8 August 1999). «The Latin Alphabet». University of Denver. Arkivert frå originalen 21. september 2022.