Hopp til innhald

P

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
P

Bruk
SkriftsystemLatinsk skrift
TypeAlfabet
OpphavsspråkLatin
Fonetisk bruk[p]
[]
[(p)f]
[]
[b]
/p/
UnicodeU+0050, U+0070
Plass i alfabetet16
Historie
Utvikling
D21
Tidsperiodeca. 700 f.Kr. til no
Etterkomarar 
 
 
 
 
 
 
 
SlektningarΠ π

П
ף פ פּ
ف
ܦ


𐎔



Պ պ

𐍀
Anna
Vanleg tilknytte bokstavarp(x), ph
SkriveretningVenstre til høgre

P (p) er den 16. bokstaven i det det latinske alfabetet. Han svarar til bokstaven pi (Π, π) i det greske alfabetet og stammar frå det fønikiske alfabetet. På semittisk heiter bokstaven pe, som tyder «munn» og i den opphavlege biletskrifta har teiknet gjengitt ein munn. Grekarane kalla han pei, seinare pi, og etruskarane og etter dei romarane kalla han pe. Den latinske bokstavforma er påverka av den greske bokstavforma for r. I det eldre runealfabetet er bokstaven sjette rune i andre ætt.

Det greske alfabetet hadde ein særskild bokstav for ph (Φ, φ), med namnet phei eller phi. Frå keisartida vart han uttalt f og fi. I tillegg hadde dei ps (Ψ, ψ), med namnet psei eller psi. Desse var respektive 21. og 23. bokstav i alfabetet. Av Φ utvikla det romerske talteiknet M = 1000 seg, av Ψ talet L = 50.

I norsk er p ein stemmelaus, bilabial lukkelyd, aspirert i framlyd og utlyd, medan han er uaspirert etter s og mellom vokalar.

Egyptisk Proto-sinaittisk Proto-kanaanittisk
pʿit
Fønikisk
Pe
Vestleg gresk
Pi
Etruskisk
P
Latin
P
D21
Latin P

Versalen P kan vere

[endre | endre wikiteksten]

Minuskelen p kan vere

[endre | endre wikiteksten]
  • prefikset piko- (=10-12) i SI-systemet. Til dømes i pikometer (pm).
  • i musikk er p ei forkorting for piano, som tyder svakt. Enno svakare vert skrive pp (pianissimo) og ppp (piano pianissimo). Ei anna forkorting innan musikk er pedal.
  • forkorting for mynten penny, eller pence i fleirtal.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: P