V
| V | |||||
| | |||||
| | |||||
| Bruk | |||||
|---|---|---|---|---|---|
| Skriftsystem | Latinsk skrift | ||||
| Type | Alfabet | ||||
| Opphavsspråk | Latin | ||||
| Fonetisk bruk | [v] [w] [β̞] [f] [b] [u] [ə̃] [y] [ʋ] /viː/ | ||||
| Unicode | U+0056, U+0076 | ||||
| Plass i alfabetet | Talverdi: 22 | ||||
| Historie | |||||
| Utvikling | |||||
| Tidsperiode | ~-700 til no | ||||
| Etterkomarar | • U • W • ∨ • ℣ • Ꮴ • Ꮙ • Ꮩ | ||||
| Slektningar | F Ѵ У Ў Ұ Ү ו و ܘ וּ וֹ ࠅ 𐎆 𐡅 ወ વ ૂ ુ उ | ||||
| Anna | |||||
| Vanleg tilknytte bokstavar | v(x) | ||||
| Tilknytte tal | 22 | ||||
| Skriveretning | Venstre til høgre | ||||
V (v) er den tjueandre bokstaven i det normale latinske alfabetet. Eigentleg er han same bokstav som U, for teiknet for vokalen u vart på latin òg nytta for halvvokalen (konsonantisk u). Bokstavnamnet ve er nydanna i analogi med be, pe osb. På norsk er v ein stemd labiodental spirant som blir uttalt med underleppa mot overtennene. Det er den stemde lyden som svarer til ustemd f. På tysk vert v som oftast uttalt som f.
Historie
[endre | endre wikiteksten]V kjem frå den semittiske bokstaven waw, og vart forenkla til v av etruskarane. Romarane skreiv bokstaven både slik me trykkjer han no, og som ein liten u, slik mange fortsatt gjer i handskrift. Då ein byrja å bruka store og små bokstavar i mellomalderen brukte ein paret V/u, slik at ein fekk til dømes Vniuersitas. Ved renessansen skilde ein dei to bokstavane U og V, ettersom dei hadde vorte to ulike lydar, og liten v og stor U vart lagde til alfabetet.
Under den andre verdskrigen fekk bokstaven V stort verd i propagandaen. I juli 1941 innførte den britiske pressa det som symbol på siger (engelsk Victory) og samstundes vart det såkalla V-teiknet innført. Det bestod i at ein lyfte handa med sprikande peike- og langefinger. BBC nytta V frå morsealfabetet (...−) som kjenningssignal i sendingane sine i dei okkuperte landa, og ein laga symbolikk av at Beethovens 5. symfoni, skjebnesymfonien, starta med same rytme V i morsealfabetet. I dei tyskokkuperte landa vart V-en ofte måla eller teikna på husvegger og plankegjerde. Den tyske propagandaen gjorde eit mislukka forsøk på å svare på dette ved sjølv å annektere V-teiknet, som skulle stå for Viktoria. I etterkrigstida har V-teiknet òg vorte (mis)brukt som sigersteikn.
I NATO sitt fonetiske alfabetet kallar ein v Victor.
Tyding
[endre | endre wikiteksten]Samfunn

Som førstebokstaven i det engelske ordet Victory, siger, er bokstaven vorte brukt som eit kamp- og sigersteikn.
- Som bilkjennemerke for land står V for Vatikanstaten.
- forkorting for det romersk førenamnet Valerius.
- forkorting for venstre, verb, vest og vestleg.
- føre etternamn forkorting for nederlandsk van og tysk von som tyder «av» eller «frå».
- forkorting for tysk Vergeltungswaffe, som tyder «gjengjeldingsvåpen», eit omgrep nytta om to tyske våpen under den andre verdskrigen, V-1 og V-2. Opphavleg stod V for Versuchsmuster, «eksperimenttype».
Naturvitskap
- Innan elektrisitet er V den SI-avleia eininga for volt, for elektrisk spenning og potensial.
- I kjemi står V for grunnstoffet vanadium.
- I biokjemi står V for aminosyra valin.
- I fysikk er v ofte ein variable for fart, velocity
Kultur
- i musikk forkorting for italiensk violino (fiolin), voce eller voci («stemme(r)»), og «volti» («vend (bladet)»).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «V – bokstav» i Store norske leksikon, snl.no.