K
Utsjånad
| K | |||
| | |||
| Bruk | |||
|---|---|---|---|
| Skriftsystem | Latinsk skrift | ||
| Type | Alfabet | ||
| Opphavsspråk | Latin | ||
| Fonetisk bruk | |||
| Unicode | U+004B, U+006B | ||
| Plass i alfabetet | 11 | ||
| Historie | |||
| Utvikling | |||
| Tidsperiode | ca. 700 f.Kr. til no | ||
| Etterkomarar | |||
| Slektningar | |||
| Anna | |||
| Vanleg tilknytte bokstavar | k(x) | ||
| Skriveretning | Venstre til høgre | ||
K (k) er den ellevte bokstaven i det latinske alfabetet. Han stammer frå greske kappa (Κ, κ), som i latin og i dei romanske språka så godt som heilt er avløyst av c. Lydverdien til bokstaven er i regelen ein ustemt, bakre plosiv, men føre fremre vokalar på norsk og svensk har han oftast lydverdien [kj] (på norsk føre e, i og ei, øy, bortsett frå visse namn og framandord).
Ord som ikkje finst på k, bør søkast under c. Merk òg at både den greske bokstaven x og den russiske bokstaven x blir transkribert som kh, til dømes Khalkis og Kharkov.
K kan vise til
[endre | endre wikiteksten]- K - kjemisk symbol for grunnstoffet kalium
- K - I SI-systemet eit symbol for grunneininga Kelvin (temperatur)
- K - symbol for varmeoverføringskoeffisient (varmegjennomgangskoeffisient). Her blir òg k nytta.
- K - på tyske bilskilt: Köln
- K - på austerrikske bilskilt: Klagenfurt
- K - på norske bilskilt før 1971: Vest-Agder fylke
- K – i skandinaviske og tyske ordenar forkorting for kommandør (tysk Komtur eller Kommandeur), vanlegvis den høgaste graden i ordenen. I britiske ordenar er han forkorting for Knight.
k kan vise til
[endre | endre wikiteksten]- k - I SI-systemet eit symbol for kilo. Skrive føre eit einingssymnbol tydet det at eininga skal multipliserast med 1000. Innan IT står k (kilo) for 210 = 1024. Til dømes er 1 kB = 1 kilobyte = 1024 bytes.
- k (i kursiv) - symbol for Boltzmann-konstanten = 1,380 662 · 10–23 J/K.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «K – bokstav» i Store norske leksikon, snl.no.